Projekt- og masteroppgåver, Ingelin Steinsland
Kom innom (rom 1240) om du vil vite meir om moglege prosjekt (kan vere lurt å avtale pr e-post først, ingelin [dot] steinsland [at] ntnu [dot] no). Då kan vi diskutere og skal eg svare på spørsmål.
Alle prosjekt eg tilbyr er knytt til ei anvending. Eg tilbyr både ekte anvendte prosjekt, der målet er å svare på eit spørsmål, og meir metodiske prosjekt som er motivert frå ei anvending, men der vi utviklar og/eller undersøker nye statistiske modellar og metodar.
Frå ein statistisk ståstad vil oppgåvene vere innanfor modellering, inferens, prediksjon og/eller evaluering av store strukturerte system. Aktuelle fag er (nokre av) TMA4300 Beregningskrevende statistiske metoder, TMA4315 Generaliserte lineære modeller og TMA4250 Romlig statistikk
Under er det foreslått nokre idear til prosjekt. Nokre av dei er klipp-og-lim frå e-postar frå kontaktar andre er frå forslag på PhD-prosjekt, så sjå på desse som inspirasjon til oppgåver. Dei er systematisert etter anvending, men fleire av dei kan like gjerne vere metodisk som anvendt. Ta kontakt, så kan vi diskutere dine ønsker, evt. dine eigne prosjektforslag, variantar av desse, meir konkret kva som er tenkt, og kan vere passande for ei prosjekt- eller master-oppgåve.
Imod
Prosjektforslag tilknytta prosjketet Imod Imod som har som mål å knytta data til modellar. Spesifikt tilbyr eg prosjekt knytta til fluidmekanikk og bruk av data frå overflatebilde av virvlar og arr og knytte dette til tilstanden.
- Romlig statistikk
- Punktptosessar
- Physics based Machine learning
NVE
Prosjektforslag i samarbeid med NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat, hydrologisk avdeling, Oslo).
- Evaluering og postprossesering av flomvarsel i Norge
- Modellar for å gjere nytte av både avrenningsdata og nedbørsmålingar for å predikere avrenning.
- Statistisk modellering av flom av ulik varighet. Dvs korleis endrar fordelinga seg i overgangen frå momentanflom opp til 7 dagars flom.
- Romlig modell for flomstatistikk.
- Interpolering av flomstatistikk langs eit vassdrag.
Statens Vegvesen
Prosjekt i samarbeid med Statens Vegvesen (i Trondheim) på Skredvarsling. Ei tidlegare forslag til oppgåve er her. Prosjektet er komme vidare, og andre retningar er og aktulet, f.eks. korleis nye verstasjonar kan brukast.
Eit anna aktuelt prosjekt er knytt til forskingsprosjektet Smartere vedlikehold der eit av fleire moglege prosjekt er modellering for vedlikeholdsoptimering ved å utnytte data frå bilberging, forsikring, vêr, vegforhold og trafikk.
Korleis lærer norske elevar andre framandspråk?
Dette prosjektet vil vere i samarbeid med Anne Dahl på Institutt for språk og litteratur, NTNU. Målet er å verderutvikla statistiske metodar for å analysere tilgjengelege data på innlæring av tysk og fransk for norske elevar i vidargåande skule. Aktuelt å utvikle og evaluere nye statistisk modellar innanfor rammeverket av GLMM (generaliserte lineære miksa modellar).