MA2401 Geometri, våren 2011

Emnebeskriving finnast i studiehandboka.

Faginformasjon

Forelesar:

  • Per Hag, rom 938, 9.etasje, Sentralbygg 2, perhag(at)math.ntnu.no
  • tlf. (735) 91743
  • Konferansetime:.

Øvingslærarar:

Forelesingar:

  • Måndag 12.15 - 14.00 i auditorium R8.
  • Onsdag 14.15 - 16.00 i auditorium R9.

Øvingstime:

  • Onsdag 17.15 - 19.00 i auditorium R8.
  • Tysdag 14.15 - 16.00 på rom 922 i sentralbygg 2 (9.etasje)

Lærebok

G. A. Venema, Foundations of Geometry, Pearson Prentice Hall, ISBN 0131437003.

Pensum

  • Kap. 1-6: i sin helhet
  • Kap. 7: bortsett fra 7.6 og 7.7
  • Kap. 8: bortsett fra 8.5, 8.6 og 8.7
  • Kap. 10: 10.1, 10.2, 10.3 og 10.4, bortsett fra 10.3.9, 10.3.10, 10.3.11, 10.3.12
  • Kap. 12: 12.7.1, 12.7.2, 12.7.8, 12.7.9, 12.7.10, 12.7.11, 12.7.12
  • Kap. 13: 13.1, 13.2 (bortsett fra formler med arctan), 13.3 (def. 13.3.1 utgår), 13.4 ("the hyperboloid model" utgår), 13.5

Dette er endeleg pensumliste for våren 2011.

Obligatoriske aktivitetar

Datalab

Eksamen

Eksamensdato er fredag 27.Mai 2011. Eksamen er skriftleg og varar i 4 timar. Hjelpemiddelkode D. Ingen trykte eller handskrivne hjelpemiddel er tilletne. Bestemt enkel kalkulator er tillaten, HP30S eller Citizen SR-270X.

Romplassering på eksamen finn de her.

Lenkjer

Når ein er tilkopla NTNU sitt nett vil ein også ha tilgang til alle ordbøkene på http://ordnett.no/ordbok.html.

Løysingsforslag

Notat

Aktuelle beskjedar

  • 23.Mai*: det blir altså gjennomgang av eksamen vår 2010 klokka 14-16 i dag på rom s2.
  • 20.mai: Timen på måndag passar visstnok ikkje so bra, dermed har Per sett opp ein ekstratime frå kl 14.00-16.00 på rom 938 på Måndag.
  • 16.Mai: Det er sett opp følgjande konferansetimar før eksamen:
    • Torsdag 19.Mai, kl 13.00-15.00, rom 938 sb2
    • Tysdag 24.Mai, kl 11.00-12.00 og kl 13.00-15.00, rom 938 sb2
    • Onsdag 25.Mai, kl 11.00-12.00 og kl 13.00-15.00, rom 938 sb2
    • Torsdag 26.Mai, kl 11.00-12.00 og kl 13.00-15.00, rom 938 sb2

  • Det vert også gjennomgang av eksamensoppgåver på følgjande dagar:
    • Fredag 20.Mai, kl 10.15-12.00, gjennomgang av eksamen våren 2009, rom S2
    • Måndag 23.Mai, kl 10.15-12.00, gjennomgang av eksamen våren 2010, rom S2

  • 7.Mai: Då er det lagt ut løysingsforslag til ein del av dei gamle eksamensoppgåvene.
  • 27.April: Då er mappa tilbake på riktig plass og alle lenkjer skal no fungere.
  • 26.April: Då eg la ut fleire løysingsforslag rett før påske har eg diverre komme i skade for å flytte på ei mappe, dermed peikar ein del av lenkjene til feil mappe. Dette blir ordna så snart som råd.
  • 19.April: Det er lagt ut løysingsforslag til test 4 og til ein god del av oppgåvene på øvingane 10, 11, 12 og 13.
  • 19.April: Liste over alle som har fått godkjent geometrilaben finn de her.
  • 13.April: Vi ber om at alle studentar som har kollisjon på eksamensdatoen i geometri umiddelbart tar kontakt direkte med Per Hag eller Inger Seehus (institutt for matematiske fag). Dette for å avklare om det eventuelt blir arrangert to eksamensdatoar i geometri dette semesteret.
  • 12.April: Pensumlista er no endeleg.
  • 1.April: Eit notat med bevis for teorem 8.4.9 er lagt ut. Vi minner også om at test 4 vert avhalden på øvingstimane neste veke.
  • 1.April: Øving 13 er lagt ut.
  • 31.Mars: Har lagt ut fem sett med gamle eksamensoppgåver. Vi minner også om at datalab'en skal leverast på mail til Torkil seinast Fredag 8.April.
  • 28.Mars: Dersom det er nokon studentar som er oppmelde til eksamen som ikkje var på den obligatoriske datalab'en og dersom de framleis er interessert i å ta eksamen ber vi om at de sender ein mail til Yvonne innan torsdag 31.Mars.
  • 28.Mars: Per arrangerer ekstra test på øvingstimane denne veka. Dermed får de moglegheit til å ta att ein test dersom de har vore sjuke eller vekke på ein tidlegare test.
  • 25.Mars: Øving 12 er lagt ut. Vi informerer om at test 4 vert avhalden på øvingstimane i veke 14, altså 5.april og 6. april. Test 4 baserer seg på øvingane 9, 10, 11 og 12.
  • 24.Mars: løysingsforslag til test 3 er lagt ut.
  • 24.Mars: innlevering av datalab'en skal sendast til Torkil.
  • 24.Mars: øving 11 er lagt ut.
  • 11.Mars: pga. datalab onsdag 23.mars blir det inga rettleiing av øving 10. Det blir i staden høve til å levere inn øvinga for retting. Frist for innelvering: Fredag 25.marskl 14.00, stad:instiuttkontoret for matematiske fag, 7.etasje sentralbygg 2.

Ikkje aktuelle beskjedar

  • 11.Mars: Det er veldig mange som er oppmelde til eksamen i geometri dette semesteret. På grunn av begrensa kapasitet på datarom ber vi difor om at alle som har tenkt å møte på opp på datalabben sender en mail til Yvonne så snart som råd, med beskjed om ein møter,merk mailen med: MA2401 datalab. Dette er for å få eit ca. tal på antal studentar vi treng plass til på datarom.
  • 10.Mars: Vi minner om obligatorisk datalab onsdag 23.mars, kl 16.15-19.00. Oppmøte på rom 1329 i sentralbygg 2.
  • 10.Mars:Vi minner om at test 3 blir avhalden på øvingstimane neste veke, dvs. 15.mars og 16.mars. Test 3 baserer seg på øving 7 og øving 8. Det er no lagt ut løysingsforslagt til test 2 og øving 9 er lagt ut.
  • 4.Mars: Har lagt ut notat med bevis av thm. 6.8.1 og 6.8.2. Har også lagt ut løysingsforslag til nokre av oppgåvene på øving 2,3,4 og 5.
  • 1.Mars: Vi minner om at obligatorisk datalabb vert avhelden Onsdag 23.mars klokka 16.15-19.00. Den første timen av datalabben vert på eit auditorium, og dei to siste timane blir på datasalar. Vi har fått reservert datasalane G-128 og G-134 i gamle elektro.
  • 1.Mars: Øving 8 er lagt ut.
  • 28.Februar: vi minner om at øvingstest 2 vert arrangert denne veka på øvingstimane.
  • 18.Februar: Øving 7 er lagt ut.
  • 15.Februar: Øving 6 er lagt ut. Test to vert arrangert på øvingstimen 1.mars og 2.mars. Test to bygger på øving 4, 5 og 6. Det blir publisert løysingsforslag til nokre øvingsoppgåver i løpet av denne veka og løysingsforslag til den første testen.
  • 15.Februar: Obligatorisk datalab vert avhalden onsdag 23.mars kl 16.15-19.00. Vi får mest sannsynleg bruke datalabbar i elektrobygget. Endeleg romnummer blir lagt ut i ny beskjed når det er klart.
  • 7.Februar: Vi minner om at den første testen blir avhelden på øvingstimane denne veka. Retta testar blir delte ut på øvingstimen neste veke.
  • 3.Februar: Det vil ikkje bli lagt ut fullstendige løysingsforslag til øvingane. Det vil bli publisert løysingsforslag til enkelte oppgåver etterkvart.
  • 1.Februar: Øving 4 er lagt ut. Minner også om at i at test 1 vil verte arrangert på øvingstimane neste veke. Testen baserer seg på øving 1, 2 og 3.
  • 27.Januar: Løysingsforslag til øving 1 finn du over.
  • 27.Januar: Det blir oppretta ei øvingsgruppe på tysdagar frå kl.14.15-16.00 på rom 922 i sentralbygg 2. Denne øvingsgruppa er for dei som ikkje har høve til å komme på onsdagsøvinga. Denne øvingsgruppa startar neste veke.
  • 24.Januar: Test nr.1 vert arrangert i første del av øvingstimen i veke 6, altså onsdag 9.februar. Test 1 bygger på øvingane 1, 2 og 3.
  • 21.Januar: Første øvingstimen er no avhelden. Dersom det er nokre av dykk som ikkje har moglegheit til å komme på den oppsette øvingstimen pga. kollisjon med andre fag, så gi beskjed ved å sende ein mail til Yvonne [at] math [dot] ntnu [dot] no. Dette er for å finne ut om det er behov for ei gruppe til på eit anna tidspunkt. Svar så snart som råd. Innan tysdag 25.Januar.
  • 19.Januar: Nettsida er oppdatert med ei eiga underside der forelesingsframsidene blir lagt ut.
  • 17.Januar: Første del av boka er tilgjengeleg her.
  • 17.Januar: Øving 2 er oppdatert. Var ei oppg som ikkje kom med når øvinga blei lagt ut på fredag.
  • 14.Januar: Øving 2 er lagt ut.
  • 14.Januar: Forelsinga på onsdag har skifta rom til R9. Det ser ut til at vi beheld tidspunktet for onsdagsforelesinga, og at nokre av faga som krasjar med denne tida vil prøve å flytte på seg.
  • 13.Januar: Har scanna oppgåvene til øving 1. Fila finn du under øving 1.
  • 11.Januar: Forelesinga på måndagar skiftar rom til R8. Det er sannsynleg at også Onsdagsforelesinga vil skifte rom, men dette er ikkje klart endå.
  • 10.Januar: Forlesinga på tysdagar er no flytta til onsdag kl 14.15-16.00 på rom F6.
  • 10.Januar: Informasjon om øvingsopplegget er lagt ut under Øvingar.
  • 7.Januar: Måndagsforelsinga har skifta rom til F2. Forelesinga måndag 10.Januar vil også vere på rom F2.
  • 5.Januar: Første forelesing blir måndag 10.Januar kl. 12.15 i auditorium F4. Det er sannsynleg at det blir endringar i forlesingstidspunkta, det er difor fint om flest mogleg møter på måndag.
2011-05-25, Yvonne Grimeland